2157 meter. Høgda på Uranostinden, ein av Jotunheimens mest majestetiske toppar. Grensetopp mellom Vang, Årdal og Luster. Fyrste gong erobra av William Cecil Slingsby, Emanuel Mohn og Knut Lykken 19. juli 1876.

Designkontoret 2157 har base på Fagernes, men sterke røter i Vang og Jotunheimen. Vi jobbar i hovudsak med design for nett, men gjer også eit og anna prosjekt på papir.

Torsdag 13. oktober 2011 Designkontoret 2157 flyttar heim, og bur saman med Kreativ Strek AS på Fagernes i haust.
Onsdag 19. januar 2011 Gratulerer Beito Bygg med ny nettstad, levert av Designkontoret 2157. Sjå under «Arbeid».
Fredag 7. januar 2011 Endeleg er Designkontoret 2157 på verdsveven. Vonar det fell i smak så langt :-)

Post- og besøksadresse:
Designkontoret 2157
Valdresvegen 13
2900 Fagernes

E-post: eirik@2157.no
Telefon: (+47) 971 09 903

 

Den majestetiske Uranostinden er med sine 2157 meter over havet Noregs 118. høgaste fjelltopp. Kanskje ikkje noko å hoppe heilt i taket av, men den er utvilsamt blant landets flottaste fjell - med ein primærfaktor på heile 705 meter.

Toppeggen markerar grensa mellom Vang, Årdal og Luster. Skiljet mellom aust og vest i Noreg. Fjellguruen og engelskmannen William Cecil Slingsby var fyrstemann på toppen, men han var ikkje åleine. Med seg hadde han Emanuel Meyer Mohn og den lokale kjentmannen Knut Lykken. 19. juli i 1876 erobra dei kjempa i Vest-Jotunheimen.

Sidan den gong har mange vore på Uranostinden, og det er ikkje utan grunn. Frå toppen har du eit fantastisk skue over store deler av Jotunheimen, og med dei massive Hurrungane rett mot vest.

Vegen mot toppen byrjar vanlegvis ved Koldedalsvatnet, og undervegs må du forsere Uranosbreen. Om du ikkje er brevant, og har rett utstyr, oppmodar vi deg om å ta turen til Vinjerock og slengje deg med på ein av dei organiserte turane derfrå.

Les turbeskriving på 2000meter.no »

 

Designkontoret 2157 er eit lite designbyrå, eigd og drifta av Eirik Høyme Rogn. Kjernekompetansa i bedrifta er design og konsept for nett, men vi leverer også logoar og grafisk design for trykk.

Etter to år i Trondheim tok eg macen i sekken og flytta heimover, og no deler Designkontoret 2157 kontor med Kreativ Strek AS på Fagernes.

Designkontoret er samarbeidspartnar med Kreativ Strek, som leverer CMS-løysingar og hosting for alle nettprosjekt. Me samarbeidar óg med Vært o Merkji DA, som leverer profilmateriell, skitiling og tekstiltrykk.

Grafisk profil og nettstad for fordelsprogrammet Ubekymra.
www.ubekymra.no
Design av nettstad for Vinjerock. Drifta med Joomla CMS.
www.vinjerock.no
Design av nettstad for WorldSkills Norway. Integrasjon i CMS og vedlikehald er gjort av kunden sjølv.
Design av nettstad for Fjellfilmfestivalen. Integrasjon i CMS og vedlikehald er gjort av kunden sjølv.
Design av nettstad for Valdres Regnskap. Bakgrunnsbiletet skiftar med årstidene.
www.valdresregnskap.no
Design av nettstad til Jørn Hilme-stemnet, gjort for Kreativ Strek. Driftast med DynamicWeb CMS.
www.hilme.no
Design av nettstad til Beitostølen Helsesportsenter, gjort for Kreativ Strek. Driftast med Umbraco CMS.
www.bhss.no
Logo for Beito Bygg. Nettstad blir lansert våren 2011.
www.beitobygg.no
Design av nettstad til Valdres Folkehøgskule, gjort for Kreativ Strek. Driftast med Umrabco CMS.
www.vintereventyr.no
Logo for Grindafjell. Ny nettstad blir lansert våren 2011 i samarbeid med Kreativ Strek.
www.grindafjell.no
Design av nettstad til Bufar, gjort for Kreativ Strek. Driftast med Umbraco CMS.
www.bufar.no
Design av nettstad til Valdres FK, gjort for Kreativ Strek. Driftast med Nova CMS.
www.valdresfk.no
Logo for Stølslie Biovarme. Vi leverte også skilting, bildekor og arbeidstøy.
Design av nettstad til Tyin-Filefjell Skisenter, gjort for Kreativ Strek. Designet er endra av kunden i ettertid.
www.tyinski.no
Design av nettstad til Nystuen Hotel, gjort for Kreativ Strek. Driftast med Nova CMS.
www.nystuenhotel.no
Design av nettstad til Bohus Møbelhuset Leira, gjort for Kreativ Strek. Driftast med Nova CMS.
www.mobelhuset-as.no