2157 meter. Høgda på Uranostinden, ein av Jotunheimens mest majestetiske toppar. Grensetopp mellom Vang, Årdal og Luster. Fyrste gong erobra av William Cecil Slingsby, Emanuel Mohn og Knut Lykken 19. juli 1876.
Designkontoret 2157 har base på Fagernes, men sterke røter i Vang og Jotunheimen. Vi jobbar i hovudsak med design for nett, men gjer også eit og anna prosjekt på papir.
Post- og besøksadresse:
Designkontoret 2157
Valdresvegen 13
2900 Fagernes
E-post: eirik@2157.no
Telefon: (+47) 971 09 903
Den majestetiske Uranostinden er med sine 2157 meter over havet Noregs 118. høgaste fjelltopp. Kanskje ikkje noko å hoppe heilt i taket av, men den er utvilsamt blant landets flottaste fjell - med ein primærfaktor på heile 705 meter.
Toppeggen markerar grensa mellom Vang, Årdal og Luster. Skiljet mellom aust og vest i Noreg. Fjellguruen og engelskmannen William Cecil Slingsby var fyrstemann på toppen, men han var ikkje åleine. Med seg hadde han Emanuel Meyer Mohn og den lokale kjentmannen Knut Lykken. 19. juli i 1876 erobra dei kjempa i Vest-Jotunheimen.
Sidan den gong har mange vore på Uranostinden, og det er ikkje utan grunn. Frå toppen har du eit fantastisk skue over store deler av Jotunheimen, og med dei massive Hurrungane rett mot vest.
Vegen mot toppen byrjar vanlegvis ved Koldedalsvatnet, og undervegs må du forsere Uranosbreen. Om du ikkje er brevant, og har rett utstyr, oppmodar vi deg om å ta turen til Vinjerock og slengje deg med på ein av dei organiserte turane derfrå.
Les turbeskriving på 2000meter.no »
Designkontoret 2157 er eit lite designbyrå, eigd og drifta av Eirik Høyme Rogn. Kjernekompetansa i bedrifta er design og konsept for nett, men vi leverer også logoar og grafisk design for trykk.
Etter to år i Trondheim tok eg macen i sekken og flytta heimover, og no deler Designkontoret 2157 kontor med Kreativ Strek AS på Fagernes.
Designkontoret er samarbeidspartnar med Kreativ Strek, som leverer CMS-løysingar og hosting for alle nettprosjekt. Me samarbeidar óg med Vært o Merkji DA, som leverer profilmateriell, skitiling og tekstiltrykk.
www.ubekymra.no
www.vinjerock.no
www.valdresregnskap.no
www.hilme.no
www.bhss.no
www.beitobygg.no
www.vintereventyr.no
www.grindafjell.no
www.bufar.no
www.valdresfk.no
www.tyinski.no
www.nystuenhotel.no
www.mobelhuset-as.no